Frukt, bær og krydder

Balder Brygg ligg på Leikanger i Sogndal kommune, langs nordsida av den lange Sognefjorden, mellom Balestrand i vest og Sogndal i aust. Fjell, isbrear og fjord omkransar Leikanger og gjer plassen til ei naturperle rik på opplevingar for dei naturglade, med eit klima som er unikt og frodig.

Førsteklasses eple, pærer og ulike bærsortar, i tillegg til naturlege krydder- og konserveringsurter, er difor eit kjenneteikn på Leikanger.

 
balder-malt-forside-v2.jpg
 

Heimebryggartradisjon

Det faktum at Leikanger har 35–40 aktive heimebryggarlag, understøttar forankringa vår og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikle desse vestnorske tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydeleggjere profilen vår.

 
184800124_223725746223387_4473166074549169536_n-web.jpg
 

Balder

Balder Brygg hentar inspirasjon til namn og logo frå den 8 meter høge bautaen Baldersteinen i Balders hage på Leikanger. Baldersteinen vert hevda å vere den høgste bautaen i Nord-Europa, og er frå førkristen tid. Harald Hårfagre, mannen som samla Noreg til eitt kongerike, trakka sine barnebein i Balders hage. Øltradisjonen var på den tida solid forankra på Vestlandet, og det gode klimaet på Leikanger, der både korn, sprake, skårakonge, humle og andre krydderartar trivst godt, borgar for at gudegåva øl var tyrste- og festdrikk på Leikanger allereie då – både for folk og gudar.