Vreidpils 4,7 %

B67I1030.JPG

Vreidpils

Vreidpilsen er ein klassisk tysk pils med god og tydeleg maltsmak og ei avrunda bitterheit. Ølet inneheld ei beskjeden mengde aromahumle som gir ein fruktig ettersmak som passar godt til bitterheita. Ølet er svært allsidig som tyrstedrikk og er laga på oppskrift frå, og i samarbeid med, gitarunikumet frå Vreid, Stian Bakketeig.


Type: undergjæra øl (lager)
Alkoholstyrke: 4,7 %
Bitterheit: 28 IBU
Humle: premiant (bitterhumle), kazbek og premiant (aromahumler)
Farge: lys (5 SRM)
Serveringstemperatur: 8–11 °C
Sødme: middels
Friskleik: høg
Allergen: gluten
Tilgjengeleg på: 0,33-liters flasker og 20- og 30-liters eingongskaggar

Gasta Design