Leikanger Blonde er ei hyllest til dei to plassane som heiter Leikanger – oss i Sogn og Leikanger på Stad. Brygget er eit fyldig og levande blondt øl, ufiltrert, mjukt og rikt på smak. Ein kan kjenne tydelege undertonar av sitrus og kveite i Leikanger Blonde, noko som passar fint til sterkt krydra mat, til dømes taco. Bør serverast godt nedkjølt.