Julebukk 7 %

B67I1040.JPG

Julebukk

Balder Brygg sin Julebukk er eit ufiltrert, mørkt og undergjæra øl (lager), laga på byggmalt i ulike variantar, humle, skal av sitron og appelsin, litt julekrydder og vatn frå fjellheimen i Sogn. Julebukk er eit sesongøl med smakar som minner om jul: karamell, appelsin, svak kanel og sitron. Maltet og humla balanserer desse sesongsmakane. Ølet er karbonert på tank. Lang klåringstid gjer ølet klårt og utan sediment, sjølv om det er ufiltrert. Julebukken er perfekt til tradisjonell norsk julemat som pinnekjøt, svineribbe og lutefisk.


Type: undergjæra øl (lager)
Alkoholstyrke: 7 %
Bitterheit: 20 IBU
Humle: wye target (bitterhumle) og tettnanger (aromahumle)
Farge: mørkebrun (18 SRM)
Serveringstemperatur: 10–14 °C
Sødme: høg
Friskleik: middels/låg
Allergen: gluten
Tilgjengeleg (nov.–jan.) på: 0,33-liters flasker og 20- og 30-liters eingongskaggar

Gasta Design