Det faktum at Leikanger har 35–40 aktive heimebryggarlag, understøttar vår forankring og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å vidareutvikle desse vestnorske tradisjonane.
Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er unikt for eit mikrobryggeri. Sidan me ikkje vil filtrere ølet vårt, krev denne teknikken lengre gjærings- og lagringstid enn overgjæra øl (ale).