BALDER BRYGG
61°11’9’N – 6°49’19’Ø

NAVIGER
HEIM

BRYGGERIET

Balder • Sogn & Fjordane • Leikanger

ØLPRODUKSJON

Balder Brygg starta opp sin ølproduksjon i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen års gammal vestnorsk heimebryggartradisjon.
     Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggarlag, understøttar vår forankring og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å videreutvikle desse vestnorske tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydleggjere vår profil.

KVALITET

Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit mikrobryggeri. Undergjæret lyfter den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der vi vil framheve malten som ølets kropp. Det gjer vi med vår Sognapils, Sognapils Extra, Vårøl, Julebukk, Turken, Kjedlarpils og vår Eplepils.
     Sidan vi ikkje vil filtrere ølet vårt, krev denne produksjonsteknikken lengre gjæringstid og endå lengre lagringstid samanlikna med overgjæra øl (ale). Denne ekstrakostnaden håpar vi at våre kundar er villige til å betale for ekstra god smak og klårare øl.

ØLTYPAR

Vår Gammal-Ole, derimot, er ein rein vidareføring av gammal tradisjon utan ovannevnte forbedringar. Dette ølet representerer det typiske vestnorske heimabrygget, slik vestlandske vikingar antageleg tok det med til England, der og denne tradisjonen er halden vedlike gjennom dei såkalla Old Ale-ane. Også vår Bergen Pale Ale (BPA) er overgjæra.
     Vår Pale Ale skal imidlertid ikkje dra sjøvegen til India, slik IPA-en skulle. Vår BPA skal berre over Vikafjellet og ned til Bergen. Humlinga er derfor meir forsiktig, men gjev frisk og sitrusprega lukt og smak – både i sin opprinnelige 5,7 %-versjon og i butikkversjonen (4,7 %).

BALDER BRYGG AS

Produksjonsadresse: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Forretningsadresse: Trysnesveien 447, 4640 Søgne

Kontakt

Øystein Meland
(+47) 900 50 964
oystein@balderbrygg.no

3

Knut Njøs
(+47) 915 70 601
knut@balderbrygg.no

4

Joar Njøs
(+47) 909 74 292

joar@balderbrygg.no